Jibbecamp på Fjellsetra

Jibbecamp på Fjellsetra

Eg har tidlegare vore både deltakar og trenar på Jibbecamp – og det har vore utruleg gøy! Sporten har gitt meg mykje, og eg er glad for å sjå at Jibbecamp held fram år etter år.

Freeski handlar mykje om progresjon. Ein dyttar kvarandre til å bli betre, og det er skummelt å prøve nye triks. Av og til vil ein kompis presse deg til å prøve noko nytt, ikkje for å vere masete, men fordi han veit du kan klare det – og han vil sjå deg lukkast. Det skapar eit spesielt band, og eg har fått flere vener for livet. Eg håpar ungane dykkar får det same.

Eg var først opp i bakken og sist til å dra heim. Foreldra mine venta tolmodig i botnen. Så, til dykk foreldre som ventar på borna i vinterferien – vi har sett opp ein varmebenk på solsida av Stova. Kjøp dykk ein kakao medan de ventar.

 

Takk til alle som har bidrat til jibbecamp!

mvh

Per Helge


PROTOTYPE NR. 5

Back to blog